Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Koronaviruset

Oppdatert informasjon om vaksinering

Bilde av person med maske. Foto Pixabay

Vaksinering

All vaksinering foregår no på Ål helsestasjon (Familiens hus ved Spar). Onsdag er vaksineringsdag.

Tlf. Ål helsestasjon: 3208 5290 eller 916 66 849.

For dei som er 65 år eller eldre

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ei ny oppfriskningsdose (4. dose) med koronavaksine for personar 65 år og eldre. Oppfriskningsdose kan tilbys tidlegast 4 månader etter siste vaksinedose. Gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gje ein lavare grad av immunstimulering samanlikna med tidlegare variantar. Tilrådinga om ei ny oppfriskningsdose for nemnte målgruppe gjeld derfor uavhengig av om ein nyleg har gjennomgått infeksjon.

Råd om vaksinering for risikogrupper 15.09.22

4. dose for dei mellom 18-64 år

FHI har opna opp for at alle over 18 år kan få 4. dose med koronavaksine.

Det er inga sterk anbefaling, men ein mogleighet for dei som sjølv ynskjer det. Det blir ikkje sendt ut invitasjon for ei 4. dose.

Har du gjennomgått koronasjukdom bør det gå 3-4 månader før ei 4. dose koronavaksine. Dei som ikkje er grunnvaksinert med 1. og 2. dose og som nå ynskjer vaksinering, må ringe og avtale time.

Les meir på FHI sine sider: Mulighet for flere til å ta ny oppfriskningsdose

Timebestilling

Me sender no ikkje ut invitasjon om koronavaksinering. Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med Ål helsestasjon for time.

Klikk her for å bestille time

Ta kontakt på tlf ved Ål helsestasjon på tlf 32 08 52 90 dersom du ikkje får bestilt på nett.

Reise

Mange land krev ikkje lenger koronapass ved innreise, mens nokre land fortsatt har reglar som er strengare enn gyldig koronapass. Dette må kvar enkelt sette seg inn i sjølv.

Det kan sjekkast på Helsenorge og Re-open EU for info:

helsenorge.no/koronavirus/reise/

reopen.europa.eu/en

For spørsmål om koronasertifikat kan du ringe den nasjonale koronatelefonen: 81555015.

Generell informasjon

Intervall mellom 2. og 3. dose må være 20 veker eller meir. Kortare dersom legen gir annen beskjed.

Ål kommune vaksinerer med Pfizer.

Informasjon om vaksine for barn mellom 5-15

Tilbod om koronavaksinasjon til barn og ungdom vert utvida:

Folkehelseinstituttet har i vurderinga si framheva at koronavaksine kan ha positiv nytte. Risiko for alvorleg sjukdom i denne alderen er imidlertid liten, og behovet for vaksine for barn og unge er begrensa. Folkehelseinstituttet meiner likevel at det er rett at vaksinering er mogeleg for dei som ynskjer dette.

Du finn meir informasjon om dette tilbodet på FHI sine nettsider

Vaksinasjonsprogrammet for barn og unge - FHI

Døve

For dykk som nyttar teiknspråk som førstespråk og ynskjer time til vaksinasjon men ikkje kan bruke timebestilling på nett: Send SMS til vaksinasjonskoordinator Anikken Teigen, tlf 97966553 og meld frå om at du er døv. Kommunen har oversikt over mange av dykk, men ikkje alle.

Sjå opp for svindel

Når vi tek kontakt med innbyggjarane angåande vaksinering vil dette skje på telefon eller SMS. Vi tek ikkje kontakt på Facebook eller i andre kanalar. Det er IKKJE eigenandel eller førehandsbetaling, og det er heller ikkje mogeleg å betale seg fram i køen. Vaksina er gratis!
Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort erfaring med at det er nokon som driv svindel rundt tilbod om vaksinar som ikkje fins.
 
Her kan du lese meir om når du kan forvente å få vaksine

Sist endret: 05.01.2023