Foto: Pixabay
Snømengdene fører til at dyra trekkjer til brøyta veger og skiløyper for i det heile teke å koma fram. Lause hundar kan dermed gjera stor skade.
Me minner om at det er bandtvang heile året i tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege føremål, og i fylkesanlegget for skiskyting på Liatoppen. Denne årstida gjeld bandtvangen òg i alle maskinpreparerte skiløyper.
Gjeldande lokal forskrift om hundehald: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2007-08-22-1038
Dersom du ser dyr som slit eller er skadd, bør du kontakte viltnemnda på tlf. 916 78 244.