På denne sida vil du finne informasjon om val 2023. Valdagen er 11. september.
Lenke til valdirektoratet sine nettsider
Listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023
Listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023
Informasjon om listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023
Parti eller grupper som ynskjer å stille ved kommunevalet 2023 i Ål, må ha levert listeforslaget innan 31.03. Kl.12.00.
Listeforslaga blir godkjent av valstyret innan 01.06.2023, og er grunnlaget for røystesetlane som skal trykkast og brukast under kommunevalet 2023.
Du/ de kan gå inn på www.valg.no og lese meir om:
- Listeforslag
- Opprette elektronisk listeforslag
- Listeforslag på papir
- Signering av listeforslag
- Krav og fristar
Listeforslag må innehalde:
- Namn på parti
- Kva for val
- Kandidatar som stiller til val – minimum 7 kandidatar – maksimalt i Ål 31
- Underskrifter
- Tillitsvalde
- Vedleggsskjema til listeforslag frå parti
- Hugs stemmetillegg om partiet ynskjer det, med feit skrift
Kven er valbare:
- Innført i folkeregisteret som busett i Ål kommune på valdagen
- Om ein kandidat pr i dag ikkje er busett i Ål, må personen leggje ved ei erklæring på at personen er valbar på valdagen
Signering av listeforslag:
- To av lokalavdelinga sitt styre
- Uregistrerte parti/grupper - dei to øverste på listeforslaget
- Hugs å føre på fødselsdato og bustadsadresse ved signering
Listeforslaga vert lagt ut fortløpande etter levering på Ål kommune si nettside.