Ål-appen blir lansert før sommaren 2023 og er utvikla av Innocode.
Når du lastar ned appen og opnar den for første gong vil du kunne velge kva målgruppe du tilhøyrer (t.d. om du er ungdom eller vaksen, og om du har born eller ikkje) og kva interesser du har.
Basert på dine val vil du få opp nyheiter og info om aktivitetar og arrangement som er tilpassa deg.
I tillegg til å samle nyttig info frå Ål kommune på ein plass, vil appen ha funksjonar for å sende meldingar frå kommunen, og frå lag og foreiningar, til innbyggarane.
Appen samlar ikkje personopplysingar om brukarane. Alle val du gjer i appen blir lagra lokalt på telefonen din.
For lag og foreiningar
For at Ål-appen skal fungere er det viktig at lag og foreiningar i kommunen tek den i bruk. Laga kan opprette brukarar i appen, og derfrå legge ut arrangement, nyheitsartiklar og sende meldingar til sine "følgarar".
Det vil bli opplæringsmøter for lag og foreiningar, der de får innføring i korleis de tek appen i bruk.
Tidsplan for utrulling
Ål-appen blir rulla ut i fleire etappar i løpet av 2023. I første omgang ynskjer vi å tilknytte oss lag og foreningar som vil ta appen i bruk.