Ål Arrangementsforum
Ål arrangementsforum består av alle dei store arrangementa i Ål og skal vere eit forum for erfaringsutveksling, kompetansedeling og samarbeid med kommunen. Det er møte omlag to gonger i året, og medlemene kan sjølv kome med innspel til innhald på møtene.
Medlemene betaler inn ein årleg medlemskontingent, som vert spegla av arrangementsfondet (inntil kr 30 000). Pengane er eigd av arrangementsforumet og skal gå til felles gode for medlemene.
Det er kultur- og idrettskonsulenten som er ansvarleg for Ål arrangementsforum.
Invitasjon til inspirasjonsmøte i Ål Arrangementsforum 8. mai 2023
Kva Skjer
På Kva Skjer finn du arrangementskalender for heile Hallingdal.
Arrangørane må sjølv registrere sine arrangement i portalen. Her kan du legge inn både smått og stort, men hugs på at faste, organiserte fritidsaktivitetar skal registrerast på Fritid Hallingdal.
Det er Ål Utvikling som er ansvarleg for portalen.
Arrangementsoversikt 2023
Har du lyst til å arrangere noko?
Har du lyst til å lage ein ny festival, eit stevne, eller legge eit meisterskap til Ål? Eller har du lyst til å flytte eit eksisterande arrangement hit? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Me vil gjerne ha oversikt over det som skjer i kommunen vår, og nye større arrangement blir invitert til å bli medlem i Ål arrangementsforum.
Kultur- og idrettskonsulent i Ål kommune
Kristine Jacobsen Kapperud
Kontorstad: Tingstugu
E-post: kristine.jacobsen.kapperud@aal.kommune.no
Telefon: 32 08 50 00