Ål Frivilligsentral
Ål Frivilligsentral finn du på Ål Kulturhus. Her finn du også ungdomsfrivilligsentralen og BUA.
Kontaktinfo Ål Frivilligsentral:
Leiar: Turid Hilde Gåsbakk
frivilligsentralen@aal.kommune.no
Tlf: 90708637
Facebook
Frivillig på arrangement
Me har mange store arrangement i Ål kommune. Det blir lagt det hundrevis av timar kvart år for å planlegge og gjennomføre arrangement av god kvalitet. Me har arrangement av ypperste klasse innan alle kategoriar!
Ynskjer du å vere frivillig på arrangement – ta kontakt med arrangementsledelsen for det aktuelle arrangementet.
Arrangementsoversikt med kontaktinfo finn du her.
Kartlegging av verdiskaping i frivilligheita 2022-2023
I 2013 og 2018 utførte Tore Bøygard, dåverande Idretts- og arrangementskoordinator i Ål kommune, kartleggingar av timar som det frivillige lag og organisasjonslivet la ned i årleg aktivitet og i dei store arrangementa i Ål.
Kartlegginga synte at frivilligheita i Ål i 2018 la ned svimlande 82 000 timar med arbeid, tilsvarande 45 årsverk – til ein verdi av over 24 millionar kroner. Det er stort!
Etter to år med nedstenging og pandemi (2020-2021) og sakte oppattbygging (2021-2022) er det no på tide å ta ein ny runde med kartlegging, slik at me kan sjå utviklinga over tid.
Me ynskjer å kartlegge all aktivitet og alle arrangement i Ål frå 1. august 2022 til 31. juli 2023.
For at registreringsjobben ikkje skal bli så krevjande for dykk, har me laga eit excelskjema som de kan bruke gjennom heile det komande året for å registrere timar og aktivitet i dykkar lag/ foreining og ifbm arrangement.
I august 2023 blir det sendt ut eit digitalt skjema der de plottar inn total-antalet med timar brukt på dei forskjellige aktivitetane. Me skal altså ikkje ha excelskjemaene i retur frå dykk. Dei er berre til dykkar interne bruk.
Arrangementa i Ål vil få tilsendt lenke til digitalt skjema fortløpande slik at de ikkje treng å vente til august 2023 med å rapportere inn.
NB! For at me skal få mest mogleg nøyaktige tal ber me alle lag og foreiningar i kommunen om å registrere sin aktivitet i 2022-2023, sjølv om de ikkje deltok i kartleggingane i 2013 og 2018.
Frivilligstrategi
Ål kommune er i gang med å utvikle ein frivilligstrategi som skal verte nytta som grunnlag for den utøvande frivilligheitspolitikken. Frivilligheitsstrategien blir utarbeidd i samråd med politikarane og dei frivillige laga i kommunen og skal stimulere til auka samspel og samarbeid mellom kommunen og det frivillige.
Strategiarbeidet vart starta i juni 2022. Det var eit innspelsmøte med frivillige lag og organisasjonar i september, i desember startar me å lage planen og i mars 2023 er den lagt ut på høyring med høyringsfrist 9. mai. Det er Ål Frivilligsentral og Kulturkontoret i Ål kommune som er ansvarleg for arbeidet.
Det er utnemnd ei referansegruppe som kan hjelpe til i arbeidet med planen, som består av representantar frå Ål Musikkråd, Ål Idrettsråd, Røde Kors, Mental Helse og Sundre vel.
Rapport frå møtet i september finn du her
Fritidsmesse 4. september 2023
Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer alle lag og organisasjonar til fritidsmesse måndag 4. september på Ål kulturhus. Her kan de vise dykk fram, rekruttere nye medlemmar og få gode innspel til vidare organisasjonsbygging og utvikling.
Det blir stands kl. 13.00-17.30.
Seminar/foredrag/workshops frå kl. 18.00
Me ønsker gjerne tilbakemelding frå dykk om foredrag de ønsker og om det er foredrag som de sjølv vil bidra med.
Har du spørsmål, ta kontakt med frivilligsentralen, Turid Hilde Gåsbakk, tlf. 907 08 637, epost: frivilligsentralen@aal.kommune.no
Verdens aktivitetsdag 10. mai 2023
Me markerer Verdens aktivitetsdag med ulike aktivitetar på Bråta idrettspark kl. 17.00-19.00 onsdag 10. mai. I tillegg er det gåtur Elvelangs kl. 11.00. Lag og organisasjonar er med som arrangør. Detaljert program finn de HER og på facebooksida til Ål frivilligsentral.
Ta med nabo, familie og venner og bli med til ein aktiv, sosial og triveleg ettermiddag!