Temaplan for idrett
Planen er eit styringsdokument for politikarar og administrasjonen i kommunen, og eit verktøy for idretts- og friluftsorganisasjonar og engasjerte innbyggjarar.
Temaplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2025 finn du her
Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Du kan søke om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, dette gjeld ordinære anlegg, nærmiljøanlegg og friluftsanlegg. Bestemmelser for spelemidelordninga vert publisert i juni kvart år og du finn dei her.
Alle som skal søke om spelemidlar inneverande år, må melde inn sine anlegg innan 15. mai slik at anlegget kjem på prioritert liste i juni. Dette er eit krav for å kunne søke om spelemidlar. Har du ønske om eit nytt anlegg, men ikkje har planen heilt klar vil me likevel høyre frå deg, då me ønsker ein oversikt over planlagte tiltak i kommunen. Desse anlegga blir lagt inn i ei uprioritert liste, som på ingen måte er bindande. Ved innmelding av anlegg til prioritert og uprioritert liste ber me deg fylle ut følgande to skjema:
Innmelding av anlegg
Berekraftssjekken
Skjema sender du samla til postmottak@aal.kommune.no innan 15. mai.
For å søke spelemidlar til anlegg må du setje deg godt inn i bestemmelsene om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er mykje dokumentasjon som må på plass i ein spelemidelsøknad og me ber deg spesielt sjå på det som omhandlar dugnad.
Fyll ut elektronisk søknad på anleggsregisteret.no innan 1. oktober.
Viktige fristar:
15.mai | Frist for innmelding av anlegg til anleggslista m/berekraftssjekk |
15.juni | Nye bestemmelser for spelemidelordninga komande år |
Juni | Søknadsportalen i anleggsregisteret opnar |
1.oktober | Søknadsfrist spelemidelsøknadar |
1.november | Frist for handsaming i Ål Idrettsråd |
November | Handsaming i Sektorutval for kultur og oppvekst |
Desember | Handsaming i Formannskapet og Kommunestyret |
15.januar | Frist for innsending av søknadar til fylket |
15.april | Fylkets frist for å sende søknadar til KUD |
Mai | Fordeling av tilskot frå KUD til fylkeskommunen |
15.juli | Fordeling av tilskot frå fylkeskommune til kommune |
Du finn meir informasjon om spelemidlar her
Sjå også godeidrettsanlegg.no for inspirasjon, tips og triks.
Ta kontakt med kulturkontoret i Ål kommune om du har spørsmål.
Saksprotokoll Prioritert anleggsliste 2023
Saksprotokoll Prioritering av spelemidlar i Ål kommune 2023
Idrettsstipend til ungdom
Bading vinteren 22/23
Bassenga er ope frå etter haustferien fram til påske.
Familiebading på Nedre-Ål
Besøksadresse: Sundrevegen 43, 3570 Ål
Fredagar 17.30-20.00 er det offentleg bading på Nedre-Ål, alle velkomne!
Følgjer skulens ferier og fridagar.
Prisar: Born 30 kr, vaksne 50 kr. Betaling med VIPPS.
Born under 10 år må alltid ha med seg ein vaksen.
Bading på Torpo
Besøksadresse: Skulebakken 3, 3579 Torpo
Torpo har open symjehall tysdagar og torsdagar frå veke 41.
17.30-19.00: familiebading
19.00-20.00: ungdomsbading (5. klasse - 15 år).
20.00-21.00: vaksne (badstue for damer tysdagar og for menn torsdagar).
Barn: 25,-
Vaksne (medlem): 30,-
Vaksne (ikkje medlem): 50,-.
Bading på Nordbygdene
Besøksadresse: Nordbygdvegen 950, 3570 Ål
Nordbygdene har open symjehall onsdagar på Leveld skule.
17.30 - 19.00: Familiebading
19.00 - 20.30: Vaksne
Barn (over 6 år): 20,-
Vaksne: 50,-
Ål idrettshall
Leige av Ål idrettshall
Lag og organisasjonar som ønsker å leige idrettshallen til aktivitet eller arrangement må sende inn søknad 30. mai kvart år for komande skuleår.
Søknad skal sendast til postmottak@aal.kommune.no
Søknadsfrist 30. mai kvart år
Betalingssatsar for Ål Idrettshall finn du her
Rutiner for bruk av idrettshallen:
Trenar/lærar skal vere den siste som går ut av garderobene etter endt trening/gymtime. Dette for å hindre hærverk og oppdage hærverk tidleg, slik at dei som utfører hærverket må betale for skadene.
Open hall for ungdom i alderen 13-16 år
Våren 2023 er det open hall kvar laurdag.
Fritid Hallingdal
På www.fritidhallingdal.no kan du sjå alle faste, organiserte fritidsaktivitetar i heile Hallingdal!
Lag og organisasjonar legg sjølv inn sine aktivitetar her.
Kultur og idrettskonsulent i Ål kommune
Kristine Jacobsen Kapperud
Kontorstad: Tingstugu
E-post: kristine.jacobsen.kapperud@aal.kommune.no
Telefon: 32 08 50 00
NB: Alle søknadar skal sendast til postmottak@aal.kommune.no eller via gjeldande søknadsskjema.