
Nordbygdene, kort oppsummert
- Nordbygdene består av dei tre bygdene Votndalen, Leveld og Vats, som strekker seg frå avkøyringa frå RV7 i Ål og opp ein sidedal mot høgfjellet
- Dei tre bygdene har felles barnehage og skule, døgnopen matbutikk, felles idrettslag og felles skuleskyss
- Vats er den inste bygda, med spreidte bustader og kjende hytteområder som t.d. Bergsjø, Skarslia og Rødungstølen
- Leveld er ei aktiv jordbruksbygd med status som “utvald kulturlandskap”. Frå Leveld går det veg til Hemsedal (sommaropen)
- I Votndalen finn du mellom anna Ål skisenter, ein av Nord-Europas beste alpinbakkar
Om nabolaget
Felles for alle bygdene er samhald og fellesskap. Her er det godt å vekse opp og bu for både store og små. Folk som bur i Nordbygdene tek godt vare på møteplassane og fellesskapa sine, og inviterer gjerne med deg som er ny. Her finst det ei rekke møteplassar og tilbod:
- Fjellet Idrettslag arrangerer trening for born og vaksne, inkludert familiebading
- Leveld Kunstnartun AiR er ein internasjonal kunstnarresidens med mange spanande arrangement og ein eigen grafikkverkstad
- Nordvang, Leveldtun og Votnahall er grendehus i bygdene, der unge og vaksne møtast på ulike arrangement
- Vats fjellkyrkje og Leveld kyrkje ligg i Nordbygdene
- Døgnopen matbutikk på Samhald, der det også kjem BUA utlånsfilial i 2023
Bustader
Ål kommune har byggeklare bustadtomter til sals i Vats, Leveld og Votndalen.
Finn.no-annonse for tomter i Leveld.
Finn.no-annonse for tomter i Votndalen.
Oppvekst
Nordbygdene barnehage og skule er grendeskulen for Vats, Leveld og Votndalen. Det er ein barnehage frå 1-5 år og ei barneskule for 1.-7. trinn. Skulen og barnehagen deler eit flott og rommeleg uteområde. Takka vere gode naboar i bygda kan elevar og ungar boltre seg mykje ute; på jordene rundt og i skogen. Skulen er opplevd som trygg og god, og med tett kontakt mellom foreldre og lærarar.
Fritid
Ål er kjent for å ha eit svært godt oppvekstmiljø prega av inkludering og deltaking.
Svært mange av kommunens barn og unge deltek i organisert aktivitet, enten i idrett, på kulturskule eller i friluftslivet. Mange av aktivitetane foregår i nærmiljøet i Nordbygdene.
Fjellet Idrettslag har allidrett vår og haust, og langrenn- og skiskyting om vinteren. Dei har også trening for vaksne og organiserer open svømmehall på skulen. 4H og Bygdekvinnelaget er andre aktive foreiningar i Nordbygdene.
Nordbygdene er eit tureldorado sommar og vinter; her kan du køyre alpin og snowboard i Ål skisenter, gå langrenn på fjellet og i skogen, gå korte og lange turar til fots og sykle på milevis av stølsvegar og tilrettelagde stigar. Velkomen til oss!